Føler du deg støtt nå? Fordi overskriften heiter noe med neger? Du tenkjer nok, kva er det her for ein sjuk rasistisk blogg? Noe av det sama tenkte eg da eg lese novella " Mat.18.20." skrive av Tor Åge Bringsværd. Den brukar sterke verkemiddel, og den illustrerer ein kirke truleg i USA på 1900-tallet ein gong. I novella still ein afroamerikaner seg heilt musestilla i kirkeoppgangen, og får servert de mest rasistiske tilropane og beskjedene eg har lese på lenge. Det er ikkje måte på kva den her afroamerikaneren får servert midt i fleisen. Eg føler nesten at det er urealistisk det eg sitt og les. Eg blir jo selvfølgelig heilt gripet av kva som kommer til å skje, og da har nok forfattaren fått det akkurat som han vil.
Temaet i denne novella føler eg har noe med korleis vi menneskjer har behandla kvarandre, og korleis vi fortsatt behandlar kvarandre. Den lag ein parallell til bibelen, den har bibelsk tittel, setningar tatt ut av bibelen og metaforer til jesus. Eg synes det funker og eg føler at denne novella har noko å si om menneskjer og samfunnet generelt. Kva skjedde med budskapet i bibelen om neste kjærleik? Eg trur den prøver å seie at fortsatt er det alt for mange menneskjer der ute som er for opptatt av dei sjølv, og ikkje andre. Vi trur at alt handler om ein sjölv, men hvis vi vil gjøre noe stort i denne verda, så må vi setje vårt eiget ego til side, og elske dei som er rundt oss.
Biletekilder:
flickr.com
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar